Tilbake til HHL

Halvor Mosebø:

Dei gamle tuddals-
bussane


Særoppgåve 9.kl. ved Sauland skule
Våren 1997

 

FØREORD
GRUNLAGET FOR TRANSPORT
  Hotell Bjår
  Tuddal Høgfjellshotell
TUDDALSVEGEN I TEKST OG BILDER...
DRAUMEN OM JERNBANE OG ANDRE TRANSPORTMIDDEL
  Bilen kjem
  Buss - ikkje berre luksus

  Dei gamle tuddalsbussane
"ØST-TELEMARKENS AUTOMOBILSELSKAB" - ØTA.
   Automobilrute mellom Notodden og Sauland
   Ei større ulykke i Tuddal i 1915
   Bilettprisar
TJØNNS BILRUTER
ANDRE KONSESJONAR
VERN OG VARIGE MINNE
   "Dem goe bussenn"
KJELDER
ETTERORD

 

FØREORD

Eg har valt å skrive om dei gamle Tuddalsbussane - "i tekst og bilder".
Øst-Telemarkens Automobilselskab vart stifta så tidleg som i 1908. Forretningsideen til dette selskapet var rutedrift mellom Notodden og Sauland, men turisttransport til Tuddal Høgfjellshotell er omtala i Teledølen 17. Juni 1908.
Gjermund og John Tjønn frå Tuddal starta Tjønns Bilruter i 1925. Dei stod for transporten frå Notodden og til Tuddal Høgfjellshotell fram til 1962, da ØTA tok over att.

I denne oppgåva vil eg ta for meg nokre emne om denne transporten.

Dette er skrive som særoppgåve ved Sauland Skule vinteren 1996\97.

Sauland 19.02.97
Halvor Mosebø

 

GRUNLAGET FOR TRANSPORT

Hotell Bjår

For å utnytte turisttrafikken betre på slutten av 1800-talet, fekk også Tuddal sitt hotell. Hotell Bjaar låg som namnet seier ved Bjårvatn i Tuddal, nærare bestemt på østsida av vatnet, like inntil hovudvegen. Det var ein stor bygning i to fulle etasjar, bygd i sveitserstil som var typisk for hotella på den tida. Nøyaktig byggeår er usikkert, men det var rundt 1890 at Hans og Louise Tjønn starta opp drifta. På hotellet var det skysstasjon og nede på Bjårvatnt skal det ha vore travbane om vinteren.
Hotellet vart stadig utvida med større og mindre tilbygg. I midten av 1890 åra vart hovudbygningen bygd på i den eine enden slik at han vart dobbelt så lang. Dette førte til at verandaen på hotellet ikkje lenger vart midt på bygningen. For i sveitserstil var det vanleg at verandaen sto midt på huset.
I 1898 stod også ein anneksbygning og ny stall ferdig. Annekset stod litt oppe i bakken på andre sida av vegen.

Tuddal høgfjellshotell

Tuddal Høgfjellshotell som i starten vart kalla Tuddal Sanatorium, vart bygd oppe på det fine høgfjellsområdet mellom Kovstulvatn og Gaustaråen. Denne plasseringa var ideell, berre få km frå bygda og med kort reise til Gaustatoppen. Det var derfor ikkje tilfeldig at denne staden vart tidleg utbygd med tanke på turisme. Det var advokat Emil Roll, som var på ein tur frå Vestfjorddalen over Gaustatoppen til Tuddal ein gong i 1880 åra, som fekk ideen om å bygge. På turen vart han så imponera av terrenget rundt foten av Gaustatoppen at han bestemte seg for å bygge eit høgfjellssanatorium her. Han drøfta like etter planen sin med soknepresten i Hjartdal Peder Lexow og lensmann T.M. Kleppen, som begge meldte si interesse. I 1892 kjøpte Roll og Lexow fjellområdet rundt Bitringsnatten på nordsida av Kovstulvatn. Dette var eit seterområde som frå gammalt av høyrde til Gjuvstul-gardane. Inne på dette området var det fire stular, dei heitte Nystul, Bitringsnatten, Haugstul og Stavsro. Den første hytta til Tuddal Sanatorium vart bygd oppe på Haugestul og var ferdig i 1893. Drifta gjekk så bra, at like etterpå, kjøpte dei same karane eit stykke av naboeige- dommen som høyrde til Nord-Bøen og la det inntil Gjuvstulbeitet. Dette stykke var Nystul som tidlegare hadde vore stule under Nord-Bøen og låg lengre nede mot Kovstulvatn. Plassen her vart valt fordi den var omgjeven av lun granskog. Her vart ein tre etasjes hovudbygning sett opp. Bygningen som var i dragestil, var ferdig i 1895. Samman med ein del hytter som hadde fått typiske Tuddals- namn som Bakkestul, Skogstul, Brostul og Solstul, utgjorde alt dette eit anlegg som fekk namnet Tuddal Høifjeld-Sanatorium. Det vart første i sitt slag i Norge.

 

TUDDALSVEGEN I TEKST OG BILDER..

Tuddalsvegen slik vi kjenner han i dag, tek av riksveg 11 midt i nåverande Sauland sentrum ved Løvheim Hotell, kommunehuset og banken. Slik var det ikkje i tidlegare tider. Da var "sentrum" av bygda lengre vestover - i området ved skulen og kyrkja. På den tid tok Tuddalsvegen av "storvegen" i dette området.

wpe3.jpg (54897 bytes)Tuddalsvegen starta ved prestegarden - Sauland, og gjekk forbi Mosebø skule - seinare Kyrkjekrinsen skule.

Kyrkjekrinsen skule i Sauland.
Foto: Erling Solli?,
Eigar: Leif Skoje, Henta frå: Bygdesoga band 2

 

 



wpe4.jpg (81748 bytes)Bøebrekka sett i frå Nordistugu-Bøe
Foto: Ukjend. Eigar: Halvor Mosebø

Vidare gjekk vegen forbi ØTA-/bussgarasjen - seinare Hjartdal Rør i krysset med "Tatergata". Her i frå for vegen nedunder Kleppen, opp Bøe-brekka og forbi Nordistugu, Suistugu og Myljom-Bøe.


bogrnd.jpg (30227 bytes)Myljom-bø med sandtaket og Øvstebø i bakgrunnen

Foto: Rolf Ingelsrud, Widerøe’s flyselskap, i 1953.
Henta frå: Bygdesoga band 2.


wpe6.jpg (51303 bytes)Bøe-grenda i Sauland. Den nye Tuddalsvegen blir bygd, 1945-1950.

Eigar: Anne Dahl
Henta frå: Bygdesoga band 2.

Frå Myljom-Bøe gjekk vegen opp Kjellarbrekka - over Bøe-haugen som seinare vart grustak etter krigen og bustadfelt i våre dagar. Frå grustaket gjekk vegen rett opp nedunder husa på Øvstebø og opp mot Kasin, Aasen og Maurbrekke.



wpe7.jpg (43791 bytes)Andres Timdal på ski etter Tuddalsvegen, med Øvstebø i bak grunnen.

Foto: Ukjend. Eigar: Leif Skoje

 



wpe8.jpg (50636 bytes)Tuddalsvegen forbi Maurbrekke med Torleiv Aalandsli i vegkanten.

Foto: Ukjend. Eigar: Leif Skoje

wpe9.jpg (70230 bytes)Bussen frå Tuddal passerar Bekkhus i Sauland.

Foto: Torleiv Aalandsli Eigar: Leif Skoje

Frå Aasen og Maurbrekke svingar vegen seg opp forbi Bekkhus, og går vidare oppover langs foten av Kleppefjell og Lifet. På veg oppover Tuddalsdalen går han forbi fleire gamle plassar - Sjukebakke, Stålæn og Dalen.

wpe5D.jpg (44958 bytes)Frå Dalen, Tuddalsdalen, 1930-åra. Halvor Havrås med lastebilen sin. Han starta ca. 1920 med lastebil, og dreiv varerute mellom Sauland og Notodden til 1940. Seinare dreiv han som drosjesjåfør i mange år.
Frå v. Gunhild Tømmermo, Gunhild og Aslaug Bøe (Nordistugu), og Halvor Havrås. Han på lasteplanen er ukjend.

Foto: Ukjend Eigar: Olav Havrås Henta frå: Bygdesoga band 2.

Etter å ha kryssa Stavåa på toppen av Stavåsbrekka for den gamle Tuddalsvegen ned over Langebrekkun slik vi kjenner dei i dag. Nede i botnen kryssar vi Uppstigsåa og Vesleåa ved Bruin. Etter jamn stigning nokre hundre meter kjem vi fram til Moen-grenda - der KaffiHaugen er einaste bebudde plassen i dag. I tidlegare tider var det meire folk her.

wpe5E.jpg (132526 bytes)Frå Moen-grenda ca. 1907.

Foto: Narve Skarmoen Henta frå: Hjartdal i bilder.

Ovanfor Moen-grenda passerar Tuddalsvegen soknegrensa mellom Sauland og Tuddal ved Raundalskleiva. I dette området kan vi den dag i dag finne restar etter tidlegare svingar frå den gamle vegen.
Frå Raundalen går vegen vidare forbi Skarkedalen og kjem fram til oset av Sønderlandsvatn. Her har vegen kryssa Skogåa ved hjelp av fleire bruer opp gjennom åra. Ei av dei eldre bruene er vist på bildet under.


wpe5F.jpg (74443 bytes)Postkort frå gammal tid, med Sønderlandsbrua i bakgrunnen.

Foto: Ukjend? Eigar: Leif Skoje



wpe60.jpg (127283 bytes)Gamle Tuddalsvegen langs Sønderlandsvatnet med bilspor i dårleg vegbane.

Foto: Ukjend, Eigar: Halvor Mosebø.

Frå Sønderlandsgrenda går vegen nord i gjennom su-bygda av Tuddal - forbi Rue-grenda og Hovdegrenda. Ved Fossehalli kjem vegen fram til oset av Bjårvatn der vegen følgjer austsida av vatnet nord mot Tuddal sentrum.



wpe61.jpg (43560 bytes)Dette er Bjårvatn i Tuddal. Med Bjaar hotell og kyrkja i bakgrunnen. Frå 1898.

Foto: Thor L. Tveiten, Eigar: Ukjend. Henta frå: Hjartdal i Bilder.

 


wpe62.jpg (60218 bytes)Hotell Bjaar omkring århundreskiftet. Det var også skysstasjon, noko som er enkelt å sjå.

Foto: Gulikk Rua, Eigar: Ukjend. Henta frå: Hjartdal i bilder.

wpe63.jpg (64054 bytes)Tuddal handelslag i 1912.

Foto: Kjetil Asland Eigar: Ukjend. Henta frå: Hjartdal i bilder.



wpe64.jpg (53551 bytes)Vegen forbi Bøen med Øverland i bakgrunnen ca. 1907. Etter århundreskiftet var vegen til Bondal lagt om Tveiten. Tidlegare gjekk den over Granåsen.

Foto: Narve Skarpmoen Eigar: ? Henta frå: Hjartdal i bilder.

Gjennom Tuddal sentrum passera den gamle Tuddalsvegen forretningar og hotell som hadde kome i takt med utviklinga og den nye tida. Handel og turisme hadde gjeve grunnlag for desse utbyggingane.
På veg mot Tuddal kyrkje passerar vi vegkrysset der Bondalsvegen tek til venstre.
Vi held fram til høgre og kjem snart opp mot Solheimsgrenda. Gjennom denne bratte grenda må vegen gjere fleire svingar gjennom Solheimsbrekkene.

wpe65.jpg (37137 bytes)Frå dei bratte Solheimsbakkane. I 1890 åra vart kjørevegen til Kovstulheia lagt her. På alle tre Solheims-gardane var det pensjonat fram til i 50-åra.

Foto: Ukjend. Eigar: Ukjend. Henta frå: Hjartdal i bilder.

Etter at desse brekkene er passera, kjem vi opp på Toskjær og Kovstulheia. Lengst inne mot foten av Gausta kjem vi fram til Tuddal Høifjeldshotell som i si tid la det viktigaste grunnlaget for vare- og persontrafikken som dei gamle tuddalsbussane kom til å stå for. Dermed er denne presentasjonen av Tuddalsvegen over.


wpe66.jpg (100103 bytes)Tuddal Høgfjellshotell. Med tennis banen i forgrunn.

Flyfoto frå tidleg på 1930 - talet. Foto: Wilse. Eigar: Ukjend. Henta frå: "Ud frå den kvalme Byluft"



DRAUMEN OM JERNBANE OG ANDRE TRANSPORTMIDDEL .

Mykje av oppblomstringa i hotellnæringa hadde direkte forbindelse med forbetringar innanfor transportsektoren. Men i Tuddal var det ikkje slik.

Der var det ein som heite Emil Roll, som var på tur i frå Vestfjorden over Gausta- toppen og ned til Tuddal. Han bestemte seg for å byggje hotell der. Nye vegar, jernbane og dampskipruter førte til nye overnattingsstader. Tuddal var i så måte eit unntak. Der kom hotellet først, og etter det håpe på at kommunikasjonen med tida vart betre. I det daglege var det ikkje vegen over fjellet til Rjukan som var noko problem. Det var å frakte gjestene opp på Kovstulheia.

I brosjyrene som vart sendt ut frå Tuddal Høifjeldssanatorium, vart det oppgjeve to reiseruter for å komme til Tuddal. Den eine var å reise med tog til Kongsberg eller med båt til Notodden. I begge tilfelle måtte dei som reiste ta seg vidare med heste- skyss. Begge alternativa tok i 1893 1½ dag frå Kristiania (Oslo).

Bilen kjem

Draumen om jernbane opp gjennom dalføret måtte leggast bort. Istaden vart det meir aktuelt å gjere landevegstransporten betre. Det gjekk heller ikkje fort. Den første bilen som kom seg heilt opp til Tuddal Høgfjellshotell, har mest sannsynleg tilhørt general- direktøren i Norsk Hydro, Sam Eyde. Midt i juni 1907 laga den uro ved å svinge inn framfor hovudbygningen.

To og ein halv time hadde turen frå Notodden til Tuddal tatt. Det einaste problemet hadde vore ei bru nede i Tuddal. Dei dristigaste ryttarane tok turen frå Kongsberg til Tuddal på åtte timar.

I 1908 vart Øst-Telemarkens Automobilselskap etablert, og dei reisande kunne nå stige om bord på Notodden og bli transportera til Løvheim i Sauland. Tre kroner kosta turen, så det var ikkje nokon billig fornøyelse. Neste år 1908 var det rutebil- tilbod over Meheia. Det var Norsk Hydros behov for betre kommunikasjon som var avgjerande, men det hadde heller ikkje lite å si for Høgfjellshotellet at reisetida mellom Notodden og Kristiania (Oslo) vart redusert til 4-5 timar.

Bøndane hadde lenge blitt skulda for å motsette seg biltrafikken, men i 1912 var det også klart for bussrute til Tuddal sentrum. På grunn av prisane var det nesten berre hotellgjestene aleine som nytta seg av dette tilbodet. Men det vart også arbeidt for å få bussen vidare opp bakkane til Kovstulheia. Eit arbeid Roll sette stor pris på både fordi det ville bli til hjelp for hotellet og dessutan "avhjelp Tuddølenes Forestillinger om det farlege ved den rutebilen".

I 1914 var det ein bil innom hotellet nokre gongar i løpet av sommaren, men det er uklart om dette var bussen. Den vart innkalla i vanskelege situasjonar, som ved døds-

fall og sjukdomstilfelle. Dessutan vart den benytta ved utbrottet av første verdskrig, da fleire av gjestane reiste.

Men sommaren 1915 var det klart for rutebil tre gongar kvar veke. Frå 1.juli kunne Øst-Telemarkens Automobilselskab frakte passasjerar frå Kongsberg og til døra på hotellet for 16 kroner pr. person. Om den første turen heite det : "Turen hadde gaat udmerket, men i Solheimsbakkene hadde de for stærk fart, saa benzinen begynte at koge og de maatte hæle vand paa i 10 minutter. Chsuffeur Andersen som kjørte den eine bil, sa at tiden fra Bjaar og op var for knap".

Det skulle ikkje gå lang tid før det viste seg at busstrafikk også hadde sine mørke sider. Etter knappe 14 dagar, heldt vegen på å bli øydelagt av det nye transportmidlet, og mot slutten av den første månaden byrja strekningen langs Toskjær å få preg av djupe myrsump, der bilen stadig seig ned og slo seg til ro. Men bussruta heldt det gåande i åra som kom, trass i at vegen ikkje var noko autostrada.

Buss - ikkje berre luksus

Flyet og toget skulle aldri kome til å revolusjonere kommunikasjonstilbodet i Tuddal. Landevegstransporten vart betre med tida.

Olav Landsverk sette i gang bussrute. Namnet på denne ruta vart ‘ den gule fare’ som kom til å bli det lokale namnet. Denne ruta vart gjeve opp etter kort tid. Tjønns Bil-

ruter skulle få lengre levetid. Dei vart starta av Jon og Gjermund Tjønn i 1925, og gjennom dette selskapet skulle kollektivtransporten bli på lokale hender til i 1962.

Den motoriserte ferdselen til trekte seg oppmerksomhet.

bus-bru.jpg (26007 bytes)Buss frå Tjønns Bilruter passerar Sønderlandsbrua 1947. Dette var ein 25 seters Volvo. Dette biletet er tatt av ein oppsynsman frå Vegvesenet, fordi bussen hadde overlast i forhold til brukonstruksjonen.

Foto: Ukjend. Eigar: Ukjend. Henta frå: "Ud fra den kvalme Byluft"

Folk kom springande for å få med seg eit glimt av bilane når dei kom oppover dalføret. Det var ikkje vanskeleg å høre dei. Tuddalsdalen er og var problematisk, og datidas sjåførar bruka hornet for å varsle andre vegfarande i dei uoversiktlege svingane oppover dalen. Det vart derfor mykje tuting. Det var enkelt å følgje med når ein bil nærma seg.

hest.jpg (16680 bytes)Hestane såg med ein viss skepsis på dei ny, buldrande vognene, og kjørekarane hadde ein stri jobb, når gamal og ny tid trefte på kvar andre.

Dette bildet er tatt i siste del av 1930 åra. Den som er av bildet er Olav Solheim, som utførte diverse arbeid for hotellet på Kovstulheia. Han og hesten trefte på dei ny motoriserte vedundra.

Foto: Ukjend. Eigar: Ukjend. Henta frå: "Ud fra den kvalme Byluft"

 



Dei gamle Tuddalsbussane

CHEVROLET FRÅ 1920-TALET.

Ein av dei første bilane til Tjønns Bilruter hadde lasteplan til varene, og passasjerane sat på benkar under ei kalesje. Det var ikkje vindauge, men det å kjøre buss var stor- vegs. Etter kvart vart standaren på bilane betre, men vegen var lenge eit problem. På mange måtar var vegen dårlegare sommartid enn vinterstid, for vedlikeholdsbudsjettet var minimalt. Støvskyer, hol og vaskebrett, kunne gjere turen til ei stor prøving.

tud-not.jpg (24776 bytes)På bildet som truleg er frå 1926, ser vi Gjermund Tjønn ved rattet i den første kombinerte rutebilen Tuddal - Notodden. På 1920-talet starta Gjermund og Jon Tjønn rutebilselskap som dei hadde fram til 1962. Bilen er ein Chevrolet, den første som vart bygd kombinert hjå Funnemark, Notodden.

Foto: Ukjend Eigar: Knut Buen? Henta frå: Hjartdalskalenderen 1991

CHEVROLET FRÅ 1930-ÅRA?

Image1.jpg (36184 bytes)Fotokopien av eit av bilda tilhøyrande Knut Buen syner ein buss til Tjønns Bilruter som har velta ved Hågåviken i Tuddal. Når det skjedde er ikkje klarlagt.
Munnlege kjelder har sagt at det kan være ein Chevrolet, men vi veit ikkje sikkert.


VOLVO 1938 MOD.

tud-bu6.jpg (15926 bytes)1938-mod VOLVO-bussen frå Tuddal passerer Bekkhus i Sauland.

Foto: Torleiv Aalandsli

Denne bussen står nå til restaurering i Tuddal. Det var Torkjell Tjønn som eigde den. Det er ein Volvo type L.N. 94, årsmodel 1938. Han gjekk med vedgenerator under krigen. Bussen kosta 14 000 kroner. Bussen var registrert for 14 sitteplassar, inklusive sjåfør. Den vart registrert i 20. desember 1938. Det var ein lukka buss. Den største legda på bussen var 7,10 meter. Og den største bredda på bussen var 1,90 meter. Han hadde ein akselavstand på 4,10 meter. Akselavstanden blir målt frå framaksel til bakaksel.
Vekta på bussen i driftsferdig stand utan last var 3250 kg. Av dette er det 1550 kg. på framaksel, 1700 kg.på bakaksel og nettolast på 700 kg. Maksimal totalvekt av bussen med last var 5000 kg. Det var ingen stå plassar.
Dette vart det forandra på i 1943, da det vart montert på vedgenerator. Vekta på bussen i driftsferdig stand utan last vart da auka til 3650 kg. Totalvekta på bakakselen vart auka til 2100 kg. Antall sitteplassar inklusive sjåfør var som før14 stk. I 1944 var den godkjent for 18 passasjerar inklusive sjåfør, utan last. Det var fortsatt ingen godkjende ståplassar.
På bussen var det 6 stk. sylindrar i motoren. Drivstoffetsart er bensin. Bensintanken romma 75 liter. I 1943 vart dette endra til vedgass.

(Viser til vognkortet/melding om registrering av motorvogn nedanfor.)

 

Vogn1.gif (21346 bytes)


Vogn2.gif (27424 bytes)

 

I 1943 var det på montera vedgenerator ved MOBILE automobilforetning i Skien. Denne vart montert 29.5.1943,og demontert 29.9.1945.

gen3.gif (27954 bytes)

Slik så dei gamle fakturane ut:

mobile.gif (19413 bytes)

Dette er registreringskortet for G.M vedgenerator:

Gen1.gif (46041 bytes)

Gen2.gif (52901 bytes)

VOLVO - EIN ETTERKRIGS MODELL?

bus-bru.jpg (26007 bytes)Buss frå Tjønns Bilruter passerar Sønderlandsbrua 1947.
Dette var ein 25 seters Volvo.

Foto: Ukjend. Eigar: Ukjend. Henta frå: "Ud fra den kvalme Byluft"

Denne bussen har eg ikkje skaffa fram andre opplysningar om, enn at det er ein 25-seters Volvo. Eg spør meg om denne kan ha vore ny etter krigen?

 

 


ØST-TELEMARKENS AUTOMOBILSELSKAB - ØTA.

Initiativet til å stifte eit bilselskap i Øst-Telemark kom frå Sauland. Det er nokoså verdifullt at det var bygdefolk som først tenkte på å skaffe samband mellom si eiga bygd og nærmaste by. Saulandingane måtte sørgje for samband med distrikta rundt seg.
Dei hadde hatt ein framsynt mann på stortinget i T.M. Kleppen. Kor framsynt han var skjønnar ein når ein veit at den første varige bilruta i Norge vart sett i gang 12. Mai 1908 mellom Molde og Batenfjorden. Aksjeinnbydinga for å starte automobilselskap i Øst-Telemark, kom frå T.M. Kleppen allereie i 1. Mai 1908. Det første møte i ØTA vart halde den 26. juni, og den første ruteturen var 8. August same året. Etter dette var Noregs tredje rute i gang. I mellomtida var det komme i gang ei rute ved Steinkjer. I heile Norge var det i 1908 berre 120 bilar.
I det første styret for Øst-Telemarkens Automobilselskap var det T.M. Kleppen og O.S. Haugen frå Hjartdal, A.O. Holla frå Heddal, og som var representant for Notodden - kjøpmannen Th. Th. Mørk.
Den 8. Juli 1909 på kom den første irritasjonen over bussane. Klagene gjekk utpå skremming av hestar og at åker og eng støva ned. Ein redaktør, som refererte frå ein tur med bussen meinte at bøndane overdreiv klagene, om at hestane vart skremt. På turen møtte dei mange hestar og ingen av dei var redde.
Det var ikkje akkurat billig å kjøre med rutebilen i den første tida. Frå Notodden til Klokkarrud kosta det 1 kr, Sollid 1,80 kr, Ørvella 2,50 kr, Sauland 3 kr og Tinnoset 5 kr, dette var god lønn for ein arbeidsdag.
Selskapet skaffa seg også ein to-tonns lastebil, og med den kosta transporten av 100 kg gods kr. 1,50 til Tinnoset. Den første bilen til Øst-Telemarkens Automobilselskap, var ein Chairbank. Personbilen hadde 12 seter, og på bilen var det kalesje. Seinare gjekk dei over til å bruke 7 seter. Trafikken foregjekk bare på sommaren .
Det starta når snøen gjekk om våren og slutta når det ikkje var framkomeleg på grunn av snø om sein-hausten. Det var ikkje brøyting av vegane på den tida.
ØTA hadde første ruteturen sin mellom Sauland og Notodden 13. August 1908.
Rute Notodden - Tuddal vart starta i 1912, og til Hjartdal vart det rute i 1916.
Frå starten måtte ØTA til Kristiania for å få sjåførar det første året. I 1909 og 1911 blei to frå Notodden og Heddal "vognmenn". Første lokale bussjåfør vart Kittil Øystul frå Sauland i 1912 - same året tuddalsruta starta. Han kan soleis være ein av dei første som har kjørt "tuddalsbussen".

vet-buss.jpg (12360 bytes)Ein av dei av dei første bilane til Østtelemarens Automobilselskap. Fotografen har her stått omlag der inngangen til T. Jores butikk er i dag. Huset bak bilane vart rive for mange år sidan.
Bilen som står nærast huset, er truleg den aller første bilen til ØTA, ein 30 hestars "Agryl" med benkerader for i alt 12 personar. Den andre er truleg ein to-tonns lastebil som selskapet skaffa seg litt seinare.

Foto: Ukjend. Eigar: Torleif Jore. Henta frå: Hjartdalskalenderen 1992.

vet-bus2.jpg (26818 bytes)Dette er den gamle busstasjonen/bussgarasjen som var i Tatergata.

 

Automobilrute mellom Notodden og Sauland

I "Teledølen" for onsdag 6. mai 1908 er dette slått stort opp. Der står dette:
"Foreløbig tenkes lagt an på persontrafikk, i hvilken hensikt det vil bli anskaffet en vogn som rummer 9 personer. Det er etter initiativ av forh.v. stortingsmann T.M.Kleppen at det i næmeste fremtid vil bli utstedt aktieinnbydelse til startelse av, som det står i nyhetsmeldingen, en automobilrute mellom Notodden og Sauland. Det vil for distriktets skyld være å ønske at planen kan vinne den fornødne tilslutning, så ruten kan komme i stand allerede fra sommeren av.
Vognen vil bli således innrettet at den utenfor turisttiden kan benyttes til tranport av lettere varer, og videre gjør man regning med å overta postbefordringen.
Aktiekapitalen tenkes satt til kr. 14.000, hvorav den ene halvpart tenkes tilveiebrakt innen distriktet, og den andre halvdel venter man å få av Skien-Telemarkens Dampskibselskab, mot at selskapet derfor erholder aktier."

Onsdag den 3. Juni 1908, kunne ein lese i "Teledølen":

"Aktietegningen til det påtenkte aktieselskap for automobiltrafikk mellom Notodden og Sauland har, spesielt i Sauland, gått utmerket. Her på Notodden har det gått mindre bra. Da det må antas at Notodden vil få adskillig nytte av ruten, bl.a. ved tilførsel av landmannsprodukter, ville det være ønskeligt om aktietegningen også her på Notodden kunne samle litt større interesse. Aktier tegnes hos bankdirektør Kleppen."

Konstituerande møte

Til dannelsen av det på tenkte Aktieselskap for Automobildrift i ruten Notodden - Sauland av holdes på Notodden fredag den 26. Juni førstr. Kl. 12 middag.

Krristiania 13. Juni 1908

T.M. Kleppen

Om dette møtet står det i protokollen for Ø T A:

"År 1908, den 26 juni blev det holdt et møte på Notodden i Hitterdal til danelse av et aktieselskap for automobildrift fra Notodden og oppover bygdene i Øst - Telemarken.
T.M. kleppen fremla innbydelse til nevnte selskap av 1. mai d.å.

Av innbydelsen fremgår det at der er tegnet et aksjepeløp stort kr. 18 000, hvilket beløp er tegnet hovedsaklig i vedkommende distrikt. Av skien-Telemarkens Dampskibsselskap er dessuten tegnet et beløp stort kr. 5000. Aktiekapitalen utgjør således kr. 23 000.

Der var fremmøtt 33 aksjonerer. Følgende blev besluttet:

1. Man vedtok å kalle selskapet Østtelemarkens Automobilselskap A/S.
2. Følgende lover blev vedtatt:

§ 1.
Østtelemarkens Automobilselskab, hvis formål er transport av gods og personar fra Notodden og oppover bygdene i Østtelemarken er et uansvaleg selskap med en aksje- kapital av kr. 23 000.

Selskapets sete er Hjartdal tinglag. Aksjenes størrelse er kr. 100,- et hundre kroner -, hvorav halvparten skal innbetales når selskapet er konstituert, resten av aksjekapitalen kan innkalles etter beslutning fattet i selsklapets årlige generalforsamling. Aksjene må ikke selges eller transporteres utan styrets samtykke."

§ 2.
Selskapet ledes av et styre på 5 medlemmer, hvorav et medlem velges av og blant direksjonen for Skien-Telemarkens Dampskipsselskab. De øvrige 4 medlemmer velges av generalforsamlingen med - to - fra Hjartdal herred, og -et- fra nordre Hitterdal og -et- fra Notodden. Styret tjenestegjør i 2 år. Ved førstavholdende gene- ralforsamling utgår 2 medlemmer etter loddtrekning, senere uttrer vekselvis 3 og 2. På samme måte velges årlig 5 varamenn. Enhver aksjonær er pliktig til å motta valg, men kan unnslå seg for gjenvalg når den fastsatte tjenestetid er utløpet. Gyldige beslutninger av direksjonen kan fasttes når 3 medlemmer er tilstede."

Styret velger innen sin midte en formann, der tillike skal fungere som selskapets disponent, og en nestformann.

§ 3.
Det pålegges direksjonen å anskaffe materiell for driften, anta den for samme nød- vendige betjening, ansette kasserer, samt forøvrig å lede selskapets drift på en øko- nomisk og for den alminnelige ferdsel heldig måte.

§ 4.
Der velges årlig av generalforsamlingen - blant aksjonærene - 2 revisorer som har å revidere selskapets regnskap og å gjøre mulige bemerkninger ved de forskjellige dis- posisjonar.

§ 5.
I hvert års januar måned avholdes etter bekjentgjørelse i lokalavisene og minst 14 dagers varsel generalforsamling i selskapet. Forhandlingene ledes av direksjonens forman eller nestformann.

I generalforsamlingen behandles følgene:

a) Direksjonens årsberetning fremlegges.
b) Det forløbne års regnskap decideres.
c) De i §§ 2 og 4 omhandlede valg foretas
d) Der fattes beslutning om anvendelse av det foreløpne driftsårs overskudd.

Beslutninger i generalforsamlingen fattes med alminnelig stemmeflertal med untak av de i § 6 nevnte spørsmål.

Stemmegivningen foregår etter følgende skala:

1-3 aksjer gir 1 stemmer,
4-7 aksjer gir 2 stemmer,
8 aksjer og oppover gir 3 stemmer.

En aksjonær kan opptre som fulmektig for andre, men kan ikke avgi i alt mere enn 3 - tre stemmer.
Ekstraordinær generalforsamling kan innkalles når minst 10-ti- % av aksjonærene forlanger det.

§ 6.
Forandringer i selskapets lover kan kun vedtas med flertall av de fremmøtte. Forslag om selskapets Oppløsning og avvikling kan kun skje med flertall av de fremmøtte forsåvidt disse representerer flertall av aksjekapitalen.

Sak 3.
Til medlemmer av direksjonen valgtes:

T. M. Kleppen med 29 stemmer,
O. A. Holla med 21 stemmer,
O. S. Haugan med 19 stemmer,
Th. Th. Mørk med 11 stemmer,

og til supleanter valgtes:

O. J. Sauar med 24 stemmer,
M.M. Kleppen, Sauland med 22 stemmer,
M.M. Kleppen, Notodden med 21 stemmer,
O.T. Haugen med 17 stemmer.

Til revisorer valgtes med aklamasjon:

Ingeniør Samuelsen og O.T.Mosebø.

Man besluttet å fortsette med tegning av aksjer inntil et beløp av ca. kr 30.000. Denne aksjetegning må dog være utført innen utgangen av juli måned d.å. Samtidig blev besluttet å anskaffe 2 - to automobiler, nemlig en for personbefordring og en for godstransport.

Ei større ulykke i Tuddal i 1915 . . .

I 1915 skjedde det ei stor ulykke i Solheimsbakkane i Tuddal. Bilen hadde da kjede-trekk, slik som bilane til vanleg hadde i den tida. I dei bratte bakkane hoppa kjede av og bilen trilla utover. Bilføraren Jens Andersen frå Notodden og ei dame frå Drangedal mista livet i denne ulykka.

Disponenten L. J. Gjærum fortalde at noko av det første han fekk å gjera var å reise til Tuddal i samband med denne ulykka.

Bilettprisar

Prisar for personbilen:
Notodden - Kasin kr. 1,80
Notodden - Ørvella kr. 2,50
Notodden - Sauland kr. 3,00
Notodden - Tinnoset kr. 5,00

 

 

Prisar for lastebilen, pr. 100 kg gods var prisane slik:

Notodden - Kasin kr. 0,50
Notodden - Sauland kr. 0,70
Notodden - Tinnoset kr. 1,50.

 

 


TJØNNS BILRUTER

Tjønns Bilruter vart etablert av Gjermund og Jon Tjønn i 1925. Og etter dette skulle kollektivtransporten opp og ned langs Tuddalsdalen bli på lokale hender fram til i 1962. Frå då av overtok ØTA transporten til Tuddal.

Den første som hadde transport til Tuddal var Gunnuv Grasåsen, men han dreiv ikkje så lenge. Etter han var det Ola Landsverk som tok over ei tid, før Gjermund og Jon Tjønn dreiv Tjønns Bilruter fram til i 1962.

Dei første bilane som Tjønns Bilruter eigde var truleg ein person og ein lastebil med benkar og lasteplan til varene.

Personbilen var truleg ein Pedal-Ford. Pedal Forden var utstyrt med fotgear, i alt 3 -

heilt inne var bakover, første hakket utover var 1 gear og andre hakket var 2 gear. Dersom det var lite bensin på tanken, hadde Forden problem med å komme opp bakkane. Uttaket til bensinen låg framme i tanken, slik at den ikkje fekk bensin i motbakkane. Så derfor hente det at dei måtte rygge opp bakkane. Det var også karbidlykter på denne bilen. Pedal Forden vart bruka til å frakte pakker opp til hotellet. Dette var noko av det første Tjønns Bilruter kjørte med opp til Tuddal Høgfjellshotell.

Image3.jpg (34278 bytes)Fotokopi av Forden som kan være ein av Tjønns Bilruters første bil. Gjermund Tjønn står til høgre på bildet.

Eigar: Knut Buen.


Jon O. Bøen i Tuddal var med Gjermund Tjønn på tur opp til hotellet. Det Jon huskar best var turen nedatt til Bjår Hotell, der han budde. Han fortel at på heimturen stoppa Gjermund bussen ved Kovstulvatnet. Han reiste ned til bekkeoset, og gjekk ut på ein stein. Med ei karbidlykt, slik som det var på Pedal Forden fanga han fisk med lyster. Dei fekk tre fine fiskar på 1,0 - 1,5 kg.

Tidleg på 1950 - talet gjekk Halvor Bøen og Gjermund Tjønn samman om å modernisere vintertransporten til Høgfjellshotellet. Dei kjøpte ein Ferguson traktor, som dei utstyrte med ski framme og belte bak. På ein kjelke hadde dei laga ei hytte der passasjerane sat på benkar. Denne kjøredoningen var samkjørt med bussane. Dei

kjøyrde berre opp, ikkje nedatt til Bjår, med turistar. Dei som skulle nå bussen der nede måtte reise frå Hotellet med hest eller gå på ski. Dei måtte reise frå Hotellet klokka halv sju om morgonen for å rekke bussen ved Bjår i Tuddal sentrum.

ANDRE KONSESJONAR

I 1962 da ØTA tok over konsesjonen til Tjønns Bilruter for Tuddalsruta vart dei einerådande i regionen. Men før det hadde det vore fleire mindre rutekonsesjonar til Tuddal. I tillegg til Gjermund og John Tjønns drift har eg funne fram til Aasdalens lasterute og Johan Christensens passasjerrute til Tuddal Høgfjellhotell.

 

VERN OG VARIGE MINNE

"Dem goe bussenn"

"Dem goe bussenn" er namnet på ein klubb eller foreining som har starta opp i Tuddal. Namnet kan tolkast på to måtar - dei gode kameratane - eller - dei gode bussane. Foreininga ønskjer å ta vare på det som er gamalt, f.eks. motorkjøretøy frå "gamledagar". Dei har håp om å få ungdomen til å skjønne verdien av desse tinga. Denne klubben vart danna 17. Juni 1995. Der vart det valgt eit styre som skal sitje for 2 år - med gobuss1.jpg (26662 bytes)

Bent Slåtta som formann,
Øystein Åsen som nestformann,
Bjørn Hagen som skrivar og kasserar.

I denne klubben er det i alt 4-5 bilar som har fått sin plass, og fleire vert det sikkert, med åra. Dei har møte med sosialt samvær i denne klubben ca. ein gong i månaden. Klubben vil prøve på å ta vare på alt det som er gammalt - for medlemmene vil alt ha sin spesielle verdi. Klubben "Dem goe bussenn" har ca. 40 støttemedlemmer. Dei aller fleste er frå Tuddal og nokre utanom bygda. På møta vert det arbeidd med kor- leis dei skal skaffe midlar til restaureringsarbeidet av kjøretøya. Dei har søkt støtte hjå banken og kommunen, og fekk 3000 kr. av kvar. Dei driv utlodding og får støtte frå medlemmene til dugnadsarbeid.
gobuss2.jpg (38869 bytes)Dei har også investert i ein plasthall, som skal monterast opp. I denne skal dei kunne stå med restaureringsarbeidet. Tomt til denne plasthallen har dei fått låne av Jan og Gunhild Kaasa i området ved saga og skyttar- huset inntil Bondalsvegen.
Medlemmene har vore på leiting etter bilar og bussar rundt om i Hjartdal kommune. Og noko har dei funne rundt om. Det største kjøretøyet er den 1938 modell bussen, som er gjeven mest omtale på dei tidlegare sidene. Denne bussen har dei som mål å restaurere for å få han på vegen att. Etter at han vart tatt av vegen ein gong på 50-talet, har han stått i skogen ved Bjår i Tuddal sentrum. Mange har visst om han, men han vart "funnen" på ny i 1995 og ungdommen fekk innteresse for å gjere noko med han.
Den 20. mai 1995 vart han henta fram og transportera sudover bygda til ein mellom- bels lagerplass. Det var Torkjell Tjønn som "eigde" bussen, men han gav han til klubben.
gobuss3.jpg (20047 bytes)Det såg ut som eit spøkelsesfølge som kom gjennom bygda da bussen vart flytta. I 1997 vert han sikkert flutt nordover att og plassera i plasthallen for eit arbeidskrevande restaureringsarbeid.

Bilda syner denne Volvo-bussen da "Dem goe bussenn" tok hand om han i 1995.


 

KJELDER

Bygdesoga for Tuddal - band I Bilder
Bygdesoga for Sauland - band II Bilder
Hjartdal i bilder - av Trygve Nes Bilder og info
Ud fra den kvalme byluft - av Hallgrim Høydal Bilder og info.
Årsskrift 1996 - av Notodden Historielag ØTA 50 år.
Notodden 50 år/1963 - av Jens Christian Hansen Informasjon om ØTA
NRF. Avd. Telemark - 50 år Informasjon om bussselskap
Rutebil Informasjon om bussar Hjartdalskalenderen Bilder m/tekst
Hjartdal Historielag & Leif Skoje Bilder
"Dem goe bussenn" Muntleg kjelde
Olav Lia, Tuddal Muntleg kjelde
Jon O. Bøen, Tuddal Muntleg kjelde
Knut Buen, Tuddal Bilder
Torleif Aalandsli, Sauland Bilder
Halvor Mosebø, Sauland Bilder

 

ETTERORD

Oppgåva er skriven ved bruk av dei kjeldene som er oppgjevne over. Skriftlege ting er greit å arbeide med. Muntlege kjelder har vore nytta for lite. Dei kunne gjeve meir om t.d folkelivet og hendingar på dei mange bussturane opp og ned Tuddalsdalen.
Saman med "Dem goe Bussenn" var det avtala å besøke tidlegare bussjåfør Gunnar Roheim på Haugmotun i Heddal. Besøket var tidfest, og vi såg fram til å få prate om Volvo bussen frå 1938 mm. Få dagar før vi skulle på besøk fekk vi melding om at Gunnar måtte på sjukhuset. Vi måtte vente på ny bussprat. Denne vart det dessverre ikkje noko av, da Gunnar døydde denne veka særoppgava vart avslutta. Mykje godt stoff gjekk truleg med dette bort både for meg og "Dem goe Bussenn" i Tuddal.