§ 1 Hjartdal Historielag skal ha til føremål å vekke, auke og spreie interessa for
fortida til Hjartdalsbygdene.
Laget skal legge vekt på at bygdehistoria blir sett i samanheng med annan historie og med
dei samfunnstilhøva vi har i idag.
§ 2 Laget skal stø opp om og eventuelt drive, vern av kulturminne i Hjartdalsbygdene, eller med tilknyting til desse bygdene.
§ 3 Laget skal vere medlem av Landslaget for lokalhistorie, og der det er naturleg, samordne arbeidet sitt med Telemark Historielag og lokale historielag elles.
§ 4 Laget skal ha eit styre som er plikta til å føre protokoll for alle møte og
andre aktivitetar.
Styret skal om det er mulig, ha representantar for ulike delar av kommunen, ulike
aldersgrupper og begge kjønn.
Styret skal ha 6 medlemmer, 2 varamedlemmer og ein valgkomite på 3 personar. Minst 4
styremedlemmer må vere tilstades for at vedtak kan bli fatta. Dersom det er 4 elle 6
tilstades, skal formannen nytte dobbeltstemme ved avstemningar.
Ein revisor skal utnemnast utanom styret.
Styret skal velgast for 2 år av gongen.
Årsmøtet velger formannen, elles konstituerer styret seg på første styremøte etter
årsmøtet.
§ 5 Årsmøte skal haldast kvart år før 1.april.
§ 6 Skal vedtektene forandrast, må det vedtakast på årsmøte med 2/3 fleirtal.
Framlegg til endringar må sendast via styret til alle medlemmene seinast 14 dagar før
årsmøtet.
§ 7 Skal laget oppløysast, må det vedtas på årsmøte med 2/3 fleirtal. Framlegg om
oppløysing må sendast via styret, til alle medlemmene seinast 14 dagar før årsmøtet.
Ved oppløysing skal Hjartdal kommune overta eigedommen til laget, og disponere denne
etter rådføring med Museumstenesta for Aust-Telemark.
Dette er eit lite blad i A5-format som blir
sendt til medlemmene. Bladet har komme ut til heilt uregelmessige tider, og vil i beste
fall fortsette med det.
Vi treng bidrag frå medlemmer og andre intresserte. Så ta gjerne kontakt ved E-post
Logoen til HHL skal vere ein forenkla teikning av ein stavkyrkjeportal.
Alle bygdene i Hjartdal har hatt stavkyrkjer.
Sauland stavkyrkje blei reven i 1860, men portalen blei berga, og står nå utstilt på
Historisk museum i Oslo. Det var denne som avgjorde takhøgda da utstillingshallen blei
bygd.
Førebels er dette ein ide. Logoen er ikkje endeleg utforma.
Ta gjerne kontakt med HHL!
E-post
Du er besøkende nummer på denne sida